Veggar og tak skal isolerast og kledast
/Grunna akustiske utbetringar, skal dei fleste veggane og delar av taket i salen isolerast på nytt. Dette krev utforing og ny platekledning. Det skal nyttast perforert gips i tak og på endeveggar, medan det på sideveggane skal nyttast Gustafs-panel (lydpanel) med eik overflate.
Dugnadsinnsatsen har vore stor og oppattbygging er godt i gong i salen. I gangen skal det skiftast takhimling, veggar og dører skal malast og det kjem nytt golvbelegg og nytt listverk.