No startar oppussinga av Landsbyhuset Breidablik
/Endeleg er vi klar til å starte oppussing av sal og gang! F.o.m fredag 17.02.2017 vert huset stengt fram til byrjinga av mai. Val av overflatemateriale til veggar, golv og tak er no mykje godt gjort. Finansiering er på plass og dugnadsgjengane er i ferd med å verte sette saman. Meld deg gjerne!
Styret har i lang tid arbeidd, saman med Sporstøl Arkitekter, for å finne løysingar og materialer som tek i vare bruken Landsbyhuset Breidablik har og skal ha i framtida. Illustrasjonen viser IKKJE eksakte fargar på overflatene, men viser eksempel på val av materialer som skal stette krava til akustikk på ein betre måte enn det som har vore tilfelle tidlegare.