Fotograf Tor Sivertstøl er tilbake med ein ny film og utstilling i konseptet Lysleite. Fyrste filmen Lysleite vart sendt både i NRK og i utlandet. Den fekk Gullruten for beste foto i 2014. Igjen er fotografen ute i mørke tider for å jakte lyset, denne gongen i heimfylket hans; Møre og Romsdal.
Allle opptak er gjort under Covid-19-pandemien og utstillinga er fotografen si tolking av desse spesielle tidene. Prosjektet har støtte frå Møre og Romsdal Fylke, gjennom kunstnarstipend.
Tor Sivertstøl, Landsbyhuset Breidablik og Gamlebanken Scene arrangerar “Kunstsoaré” i Landsbyhuset Breidablik denne helga. Programmet inneheld biletutstilling, filmframsyning, samtalar med fotografen og servering.
Laurdag kl. 19:30: Billettprisen inkluderar fiskesupe, brød og dessert. Det vert sal av drikke ved borda (min.vatn/øl/vin). Arrangementet har skjenkeløyve og 18 års aldersgrense.
Søndag kl. 17:00 Billettprisen inkluderar ettermiddagskaffi/te med noko attåt.
Vi håpar publikum finn vegen til spanande arrangement i Landsbyhuset Breidablik!