Hornmusikklaget Varden byd inn til hyggeleg ettermiddagstund i Landsbyhuset Breidablik. Det vert variert musikk, sal av kaker, kaffe og lodd. I tillegg vert det auksjon av gamle instrument, som ikkje lenger er i bruk av korpset. Har du ambisjonar om ei karriere som musikar, kan dette vere starten! Om du har lagt musikarkarriera bak deg (mange har tidlegare vore med i korps), kan det vere på tide å skaffe seg eit vitnesbyrd om tidlegare storheit. Om ikkje noko av dette passar: instrumentet kan nyttast som pyntegjenstand!
Møt opp i Landsbyhuset Breidablik søndag 15.04.2018 kl. 16:00 og stø lokalt kulturliv!