Laurdag 08.06.2024
Comeback for Hildegunn & Leif-Per Moltubakk!
Den eksentriske husmora frå Ulsteinvik og taxisvogeren hennar er tilbake på norske scener! Mykje har skjedd i livet til Hildegunn sidan sist – ho er skilt, ho er blitt bestemor til sju, ho har deltidsjobb på Cubus – og har endeleg greidd å fullføre ei etterlengta coach-utdanning. I tillegg vaskar ho framleis kleda til eksmannen sin.
Leif-Per køyrer framleis drosje, men trass i at han har fått installert vakuumtoalett på hytta si er han likevel singel.
Det er berre å belte seg fast for dramatikk, komikk og musikk – i eit heilaftans show som ikkje liknar så mykje anna!
Landsbyhuset Breidablik inviterar til heilaftans arrangement!
Kl. 19:00: Dørene opnar. Sal og servering av vin, øl, mineralvatn pizza og snacks.
Kl. 20:00: Show med "Hildegunn & Leif-Per" (ca. 1 time og 20 min).
Kl. 21:30: Sal og servering av vin, øl, mineralvatn pizza og snacks.
Kl. 00:30: Dørene stengjer.
Salen er rigga med småbord i grupper og du får tilvist plass. Alle som kjøper billett i lag, vert plasserte i lag. Send epost til harald@lbhbreidablik.no for ynskje om plassering i grupper.
Det er skjenkeløyve på arrangementet.
18-års aldersgrense.