Back to All Events

Barselfeber - Teatret Vårt

“Kvardagsbobler” og jorbær på raud løpar!!

Vi gjer stas på teaterpublikumet vårt torsdag 23.03.2023: Dørene opnar kl. 18! Då går du på raud løpar, får høgt glas med “bobler” i handa og kan bite i ei forfriskande jordbær! Kl. 18:30 vil skodespelar Johanna Mørck halde ein 5 min. introduksjon. Etter litt meir “bobler og jordbær startar framsyninga kl. 19:00.

Leikent og tankevekkjande om morsrolla

På ei fødeavdeling på Vestlandet blir ulike lagnader og livshistorier kryssa. Medan både kjenslemessige og fysiske krefter herjar inni og rundt dei fødande blir livshistoriene deira rulla opp. Dei avdekker sårbarheit og styrke, og viser korleis graviditet, fødsel og morsrolla kan prege eit heilt liv.

I Barselfeber møter vi ei kvinne som ikkje greier slutte å få barn, ei anna blei gravid mot sin vilje. Den unge fødande, hennar mor og den barnlause jordmora prøver å stå saman i dei ulike utfordringane morskapen byr på. I eit tidvis draumeaktig univers blir lagnadene deira knytt saman. For sjølv i eit straumlinjeforma samfunn, og med dei beste fagfolka i verda i fotenden av senga, opplevast det å bli mor heilt ulikt. 

Slik musikalske minne ofte er knytt til dei store hendingane i livet, er musikken viktig òg i Barselfeber. Ulike musikktema er med på å underbygge karakterane sine opplevingar av å føde og bli mor. Når ein er i dei heftigaste opplevingane i livet, kan det by på mange komiske situasjonar som både er gjenkjennelege og som vi kan le av.  

Barselfeber er ei dels ettertenksam, dels komisk førestilling om det mest naturlege og mest overveldande i livet. Det er både beinhard verkelegheit, overnaturlege krefter og mykje humor. Vil møta endre livet deira, eller vil dei halde fram som før? 

Manus og regi: Kjersti Botn Sandal

Scenografi og illustrasjonar: Mari Watn

Lys: Lasse Skrivarhaug

Musikk: Sara Fellman

Med: Sara Fellmann, Johanna Mørck, Linn Wennersten

Earlier Event: March 22
Privat arrangement - etterlag gravferd
Later Event: March 24
Proivat arrangement