HML Varden inviterer til Adventskaffe i Landsbyhuset Breidablik søndag 27.11.2016 kl. 16:15.
Det er snart Advent, og HML Varden serverer kaffe, saft og julebrød, i tillegg til innslag frå scena. Gursken skulekorps og HML Varden junior opnar med samspeling, HML Varden sine aspirantar held fram med eiga avdeling og HML Varden avsluttar. Alle med tradisjonelle (og litt utradisjonelle) julesongar på repertoaret. Mellom sceneinnslaga vert det servering ved borda. KANSKJE KJEM OGSÅ FØRJULSNISSEN ??
Ta ein tur innom Landsbyhuset Breidablik for ei koseleg adventstund ! Det er gratis inngong, men ta gjerne med nokre kroner so du kan delta i loddsalet til inntekt for HML Varden.